1) Energibruken i Bitcoin er for utvinning av ny valuta

Energibruken i Bitcoin er høg, men den er nødvendig for å sikra blokkjeda, ikkje for å laga nye bitcoin. Nye bitcoin er kopla til sikringsprosessen som ei lønn for innsatsen til dei som deltek i kappløpet om å få lagra neste blokk.

2) Bitcoin krev meir energi enn Irland (eller Tsjekkia, eller Danmark…)

Bloggen Digiconomist har dessverre fått tilnærma monopol på tal for energibruk i Bitcoin. Metoden til Alex de Vries er tvilsam og kritisert av fleire ekspertar på området (m.a. Jonathan Koomey, Mark Bevand, CoinShares). Tala frå Digiconomist er grunnlaget for ei rekkje spekulative oppslag om Bitcoin som brukar meir straum enn Irland, Tsjekkia, Danmark… «pick your country».

CoinShares har publisert ein god rapport om energibruken i Bitcoin og der de Vries brukar ein «top-down»-metode, brukar CoinShares «bottom-up». Dei har undersøkt kva dei ulike aktørane faktisk brukar av straum og kjem til eit forbruk som er vesentleg lågare enn Digiconomist.

Når eit tidsskrift som Nature Climate Change kan ta inn eit innlegg som «Bitcoin emissions alone could push global warming above 2°C» må ein verkeleg begynna å lura.

3) Energibruken i Bitcoin er stort sett basert på kolkraft

CoinShares viser på overtydande vis at energibruken i Bitcoin stort sett er basert på fornybar energi. Dei har rekna ut at energimiksen totalt sett er rundt 80 % fornybar. Den største myten er at energi¬bruken i Kina stort sett er basert på kolkraftverk. I realiteten er mesteparten basert på vasskraft, og vasskraft som er «stranda», dvs. energi som ikkje er muleg å transportera over lange distansar og som dermed ikkje har alternativ bruk.

4) Meir enn 50 % av nodane må godkjenna ein transaksjon

Konsensus-metoden i Bitcoin er reglane som er koda i programvara. Alle som lastar ned og køyrer den fullstendige programvara, er nodar i nettverket og utgjer Bitcoin-systemet. Nodane validerer transaksjonar og blokker. Så lenge alle nodane køyrer programvare med dei same reglane, er transaksjonar og blokker enten godkjende eller ikkje godkjende. Det er ingen «avstemming» om dette.

Dersom nokre nodar godkjenner ein transaksjon (eller ei blokk) og andre ikkje gjer det, oppstår det ei splitting («hard fork»). 50 %-begrepet kjem frå gravemekanismen. Dersom meir enn halvparten av ressursane er samla på ein aktør, eller på samarbeidande aktørar, kan denne/desse manipulera blokkjeda ved å gjennom¬føra ein såkalla «dobbel-bruk» («double spending»).

5) Den som kontrollerer meir enn 50 % av graveressursane kan ta alle bitcoin

Nei, den som kontroller meir enn 50 % av ressursane («hash rate») kan berre bruka eigne bitcoin fleire ganger («double spending»). Ikkje i nokon kryptovaluta kan andre stela kryptovalutaen din utan å få tilgang til den private nøkkelen din.

6) Bitcoin har vorte hacka

Nei, Bitcoin som system har aldri vorte hacka. Vekslingstenester har derimot vorte hacka i ganske stort monn. Difor er følgjande regel klokkeklar: Ikkje dine nøklar, ikkje dine bitcoin! («Not your keys, not your bitcoin!»). Ikkje la bitcoin (dvs. private nøklar) liggja hjå ei vekslingstenester, men  ta kontroll over dei sjølv!

7) Bitcoin er eit pyramidespel styrt av ukjende bakmenn

Nei, Bitcoin er vidope for innsyn og totalt gjennomsiktig. Ingen, og alle, kontrollerer Bitcoin. Program¬koden er open, endringsprosessane er opne, kort sagt er Bitcoin det mest opne finansielle systemet som finst.

Svein Ølnes

Svein har over 20 års erfaring som prosjektleiar for ulike IT-prosjekt for Vestlandsforsking. Hovudområde for forskinga er IT-bruk i offentleg sektor, både for kommunar og statlege verksemder.

Mykje av forskinga innan e-forvaltning har dreia seg om kvalitet på digitale tenester og særleg spørsmål om kva digitale tenester eigentleg er.

I 2011 oppdaga han Bitcoin og blokk-kjedeteknologien og såg etter kvart eit stort potensial også for bruk i offentleg sektor. Samstundes er det mange uløyste problemstillingar knytte til teknologien, noko som passar bra for ein forskar. Interessa ligg i skjeringspunktet mellom teknologi, økonomi og samfunn, og Svein starta difor på eit masterstudium i digital valuta ved universitetet i Nicosia for å få meir innsikt i dette.

Kryptografen nyhetsbrev