Campus Sogndal, Høgskulen på Vestlandet

Første Bitcoin-kurset i Noreg

Dersom tittelen samsvarer med oppfatninga di av Bitcoin og blokkjedeteknologi, bør du melda deg på kurset «Bitcoin, blokkjedeteknologi og den digitale økonomien» ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Dersom du ikkje forstår noko av tittelen, bør du også melda deg på 🙂

Kurset «Bitcoin, blokkjedeteknologi og den digitale økonomien» vart starta opp hausten 2018 og 60 studentar fullførte. Kurset er på 7,5 studiepoeng og vil i årets utgåve ha eksamen med ordinær karakterskala (A – F). Kurset er det første i sitt slag her i landet, og HVL har difor teke ei leiarrolle med tanke på utdanning innan kryptovaluta og blokkjedeteknologi. Utgangspunktet for kurset er at for å forstå blokkjedeteknologien, må du forstå Bitcoin.

Undervurdering av Bitcoin

Når eg skriv at utsagnet «Blokkjede, ikkje Bitcoin» er problematisk, er det fordi det er ei kraftig undervurdering av Bitcoins betydning. Bitcoin er «alle blokkjeders mor», men meir enn det er det også den viktigaste kryptovalutaen og den valutaen som har det beste og sikraste fundamentet. Sterk påstand? Ja, og den både kan og bør diskuterast, og det er også ei viktig side ved kurset.

Går seg vill i teknologien

Men kan me ikkje berre ta bort (krypto-)valutaen og realisera potensialet i blokkjedeteknologien utan? Det er her mange går seg vill i teknologien. Tek du bort valutaen, tek du bort den delen som gjer at ei blokkjede kan vera open for alle og på alle måtar. Då blir motspørsmålet fort: kva er det som skil den kontrollerte blokkjeda frå ein (distribuert) database? Dette skal vi diskutera på kurset og forhåpentlegvis bli klokare på.

Forstår ein Bitcoin, forstår ein blokkjede

Kurset er Bitcoin-sentrert, og ein grundig gjennomgang av originaldokumentet «Bitcoin – A Peer-to-Peer Electronic Cash System» utgjer ein viktig del av innhaldet. Bakgrunnen for dette er at dersom ein forstår dette dokumentet, og korleis Bitcoin fungerer, då forstår ein blokkjedeteknologien generelt. Og ikkje minst forstår ein den viktige skilnaden mellom opne og lukka/kontrollerte blokkjeder.


Info om kurset:
Påmelding til: Underteikna Svein Ølnes ([email protected]) eller Torbjørn Årethun ([email protected])
Frist: 1. juni (for deltakarar utanfor HVL)

Kryptografen nyhetsbrev