Kronikkforfattar Svein Ølnes, forskar ved Vestlandsforsking

Med rapporten «Norge som datasenternasjon» inviterte regjeringa til fest i 2018. I staden for gratis drinkar vart det lova redusert el-avgift, redusert eigedomsskatt m.m. Fest vart det, og mange kom. Men invitasjonen sa ikkje noko om antrekk, og då dei mange lurvete deltakarane med krypto på baklomma begynte å fylla lokalet, fekk regjeringa panikk. Dei bestemde seg då for at dei som ikkje var kledde i dress og slips, måtte forlata lokalet. Men problemet var at det også var dresskledde med krypto på lomma, og i tillegg vart det protestert mot at invitasjonen ikkje sa noko om antrekk..

Manglande forståing av teknologien

Utgreiinga frå Skattedirektoratet som ligg til grunn for forslaget om full el-avgift for sikring av opne blokkjeder, er dessverre mangelfull og viser etter vårt syn ei manglande forståing av teknologien. Det viktigaste i denne saka er å få fram at el-forbruket i samband med metoden «proof of work» er for å sikra opne blokkjeder, ikkje for å utvinna kryptovaluta. Denne forståinga ser ut til å mangla i utgreiinga, og vi meiner difor at vedtaket om bortfall av redusert el-avgift for sikring av opne blokkjeder blir fatta på eit sviktande kunnskapsgrunnlag.

Opne blokkjeder må ha ein kryptovaluta

Det er i all hovudsak forbruk av elektrisk kraft til sikring av Bitcoin-systemet som er grunnlaget for denne saka. Bitcoin er ein innovasjon med eit svært stort potensial; mange har samanlikna gjennom­brotet Bitcoin skapte, med gjennombrotet Internett ga oss. Den tette samankoplinga av teknologi og økonomi gjer at systemet som heilskap blir vanskelegare å forstå. Eit viktig moment her er at opne, vilkårslause («permissionless») blokkjeder som Bitcoin, Ethereum o.l. må ha ein innebygd valuta for å fungera og for å vera sikre. Utan den innebygde (krypto-)valutaen, forsvinn insentivet for å sikra blokkjeda og den må i så fall sikrast ved å avgrensa tilgangen slik at blokkjeda blir kontrollert av ei lita gruppe aktørar.

Bitcoin og andre kryptovalutaer har hatt enorm verdistigning, men også store svingingar i kursane. Dette har medverka til oppfatninga av at dette berre er eit spekulasjonsobjekt. Silicon Valley-entreprenør Naval Ravikant har formulert det på denne måten:

“Bitcoin is a tool for freeing humanity from oligarchs and tyrants, dressed up as a get-rich-quick scheme.”

Dessverre er det den siste delen som har fått mest merksemd og som i mange tilfelle fører til forhasta slutningar om teknologien. Denne haldninga har også prega den norske debatten og ført til mange konklusjonar baserte på moralsk forarging, heller enn ein nøktern og grundig analyse av kva dette fenomenet er, og kva det kan bli. Dette har dessverre vore avgjerande for vedtaket om å utelukka datatenester baserte på sikring av opne blokkjeder, frå redusert el-avgift.

Stadig flerie forstår kor viktig opne blokkjeder kan bli

Skepsisen til Bitcoin har vore stor, og lenge var det «blokkjede, ikkje Bitcoin» som gjaldt i næringsliv og offentleg sektor. Dei som følgjer med på utviklinga, vil ha sett at dette er i ferd med å snu. Stadig fleire forstår kor viktig den opne blokkjedeteknologien, og særleg Bitcoin og Ethereum, kan bli, ikkje berre finansielt, men også på andre område. Når Microsoft i desse dagar lanserer si desentraliserte ID-løysing ION på Bitcoin-blokkjeda, er det denne typen tenester norske styresmakter ikkje vil støtta framveksten av. Microsoft gjer det fordi dei ser at Bitcoin er det sikraste opne IT-systemet som finst i dag. Facebook lanserte nettopp den digitale valutaen Libra, og den er endå eit eksempel på datatenester som truleg vil bli ramma av den føreslegne auken i el-avgift.

Heile datasentersatsinga blir skadelidande

Vedtaket om å innføra full el-avgift for datatenester knytte til opne blokkjeder har alt gjort stor skade og stoppa fleire investeringsplanar på området. Men endå verre er det at resten av datasenter­satsinga, som regjeringa har flagga høgt, også truleg blir skadelidande. Føreseielege vilkår er eit av dei viktigaste kriteria for val av lokalitet for nye datasenter. Om det blir sådd tvil om dette, vil investorane fort sjå på andre alternativ.

Historia gjentek seg

Historia har ein tendens til å gjenta seg; ikkje som ein repetisjon, men heller som ei spiralforma utvikling der det er lett å kjenna att tidlegare utviklingstrekk. For 30 år sidan stod striden om kva som skulle bli fundamentet for det globale kommunikasjonsnettverket. Norge, til liks med dei fleste andre land, meinte Internett var for usikkert og utrygt sidan det var vanskeleg å plassera ansvaret for nettet hjå nokon konkret. Styresmaktene valde difor å gå inn for den meir lukka OSI-protokollen styrt av tele­selskapa. Historia viste at det var eit feilgrep. Det er lov å håpa at styresmaktene ikkje gjer same feilen i dag når spørsmålet står om den opne kontra den lukka blokkjedeteknologien.

Kryptografen nyhetsbrev