Opprinnelig publisert på DN.no

Tidspunktet kunne ikkje vore betre: Samtidig som sentralbankar over heile verda trykkjer opp og ausar ut pengar som aldri før, går bitcoin andre vegen og halverer tilførselen av nye bitcoin. Dette skjer heilt uavhengig av koronakrisa, for halveringa er koda i programmet og har vore kjent sidan bitcoin såg dagens lys i januar 2009. Bitcoin-klokka tikkar og går heilt uavhengig av ytre omstende. Om mindre enn ei veke blir tilførselen av nye bitcoin kvart 10. minutt redusert frå 12,5 til 6,25.

Digital knapphet

Bitcoin vart fødd under forrige krise, og som eit svar på den. I den noverande krisa viser valutaen si alternative side. På dei 11 åra som har gått sidan då, har sentralbankane med ulike middel sytt for ein enorm penge­tilførsel. Det har vore for å stimulera økonomien og hindra resesjon. Men nedsida av tiltaka blir stadig meir synleg: Altfor lett tilgang på kreditt har ført til stadig aukande gjeld, både for næringslivet og hushaldningar. Flyselskapet Norwegian er berre eitt av mange eksempel på kva lettvint kreditt fører til.

Bitcoin representerer motsatsen til denne utviklinga. Med bitcoin vart digital knappheit for første gang etablert. Det blir aldri meir enn 21 millionar bitcoin, og dei fleste er alt sette i sirkulasjon. I realiteten blir det mykje mindre fordi mange mistar lommebøker med digitale nøklar.

Kva skjer så når ein tsunami av «fiat-pengar» får investorar til å leita febrilsk etter alternative investeringar? «You do the math», som det heiter. Dette er likevel ikkje eit investeringsråd. Bitcoin og kryptovaluta er ekstremt risikable investeringar. Det er akkurat slike situasjonar som den me er oppe i no, bitcoin vart laga for.(Vilkår)

Husk å følge oss på Twitter og Facebook.

Kryptografen nyhetsbrev