Urealistisk prissetting

Robinhood-effekten siktar til oppgangen i aksjemarknaden etter det store fallet, forklart som at amatørane stormar inn, primært gjennom bruken av investerings-appen Robinhood. Det er ein app som let folk flest investera i aksjar, børsnoterte fond (ETF) og opsjonar. Visjonen for selskapet er fin; det er å la alle få tilgang til finansielle marknader, ikkje berre dei velståande (som omtalt på Wikipedia). Billegast muleg handel er også eit kjenneteikn ved Robinhood. I tillegg til vanlege finansprodukt kan kundane også handla kryptovaluta (Bitcoin, Ethereum) gjennom appen.

Effekten av Robinhood er omdiskutert, men det er ikkje tvil om at mange har brukt appen for å investera i aksjemarknaden og at det til ein viss grad har påverka utviklinga. Dei tydelegaste utslaga ser me på det som blir kalla zombie-askjar; aksjar som etter alle solemerke ikkje er verdt nokon ting. Eksempel på slike aksjar er Hertz, som er i konkurs-karantene, og kanskje også Norwegian der aksjar har vorte omsett til ein kurs som gir ein heilt urealistisk verdi på selskapet.

Nedstenginga på grunn av Korona-viruset har ført til at mange har måtta halda seg heime, Nedstenginga har også omfatta det meste av sport, og dermed også stengt mulegheiten for tipping (eller “betting” som vel er det norske ordet no). Mange har sett seg om etter andre alternativ for spekulasjon, og aksjemarknaden har plutseleg vorte eit alternativ. Børsane har ikkje stengt ned, tvert om har dei gløda av aktivitet særleg etter midten av mars. I USA er det vist at mange av dei som mottok sjekken på $1200, brukte den til å handla aksjar gjennom Robinhood.

Dessverre ein typisk ICO: White paper som lovar gull og grøne skogar, resultatet noko heilt anna (om i det heile noko resultat)

Minner om ICO-bølgja

Robinhood-fenomenet minner veldig om ICO-bølgja for eit par år sidan. ICO, som står for Initial Coin Offering, som spelar på IPO – Initial Public Offering (børsnotering), var eit fenomen som fekk særleg merksemd og omfang då kryptovalutaer generelt starta den veldige kursoppgangen i siste del av 2017. Ein ICO er rett og slett auksjonering av ein ny kryptovaluta, eller token. ‘Token’ er eit litt ullent begrep, men i denne samanhengen er det kryptovaluta som er laga ved hjelp av, og byggjer på, ei anna blokkjede med ein eigen valuta. Ethereum har vore den dominerande blokkjeda for etablering av nye token, og ICO-ar har vorte kalla Ethereums “killer app”.

Det har dessverre vore mykje svindel med ICO-ar, og det har overskygga det mykje viktigare spørsmålet om kven som skal få tilgang til å investera i nye bedrifter. Styresemaktene peiker på regulering som viktig for å beskytta investorane, i ICO og Robinhood sine tilfelle vanlege folk. Men den reelle effekten er at dei beskyttar dei profesjonelle investorane og let dei få ha monopolet sitt.

Kven blir beskytta?

Omsorg for den vanlege lønnsmottakaren eller lånekunden stod ikkje akkurat i høgsetet då finanskrisa tvinga verdsøkonomien i kne. Hjelpa var i første rekkje retta mot dei som hadde skapt krisa, ikkje til ofra, som til dømes innbyggjarane i Terra-kommunane. Innstrammingane etter finanskrisa har også verka på ein måte som sementerer dagens finansstruktur. Det er berre dei store selskapa som kan handtera jungeleg av reguleringskrav (kalla “compliance”) – nybegynnarar har ikkje ein sjanse.

Det er difor grunn til å helsa nyvinningar som Robinhood og ICO-ar velkomne, trass i dei mange farane som lurer. Mange kjem til å tapa pengar, mellom anna dei som har kjøpt Hertz- eller Norwegian-aksjar. Dilemmaet blir til slutt: Skal me demokratisera tilgangen finansprodukt, må me også godta at mange gjer dumme val og mistar pengar. Me gjer jo det på andre område, som t.d. forbrukslån. Det er så langt ikkje noko forbod mot å gå i luksusfella og setja privatøkonomien over styr.

I valet mellom demokratisk tilgang og trua på at regulering kan ordna alt, vel eg demokratiet.

Kryptografen nyhetsbrev