»  Meninger  »  Blokkjedesikring, ikkje bitcoinutvinning!

Blokkjedesikring, ikkje bitcoinutvinning!

Svein Ølnes
calendar 17,februar 2019
Employees work on bitcoin mining computers at a factory in Florence. Alessandro Bianchi / Reuters

Redusert el-avgift for datasenter og storsatsing på kryptorelaterte datatenester har fått stor merksemd den seinare tida. Det er historia om regjeringa som inviterte til fest, men fekk gjester dei ikkje hadde rekna med.

Det toppa seg i budsjettforhandlingane der regjeringa til slutt bestemde seg for at kryptorelaterte datatenester skal betale full el-avgift, i motsetnad til andre datasenter-tenester. Store investeringar alt gjennomførte, og mange planlagde, vart plutseleg tapsprosjekt over natta.

Dessverre er avgjerda basert på mangel­full forståing og feilaktig framstilling av tenestene det er snakk om.

Sikring, ikkje utvinning

Det er lett å skapa moralsk forarging over at store mengder energi blir brukt til å framstilla ein digital valuta. Men energibruken i Bitcoin og tilsvarande kryptovalutaer er ikkje for å utvinna ny valuta, men for å sikra blokkjeda.

Ny valuta er berre betalinga for jobben. Opne blokkjeder treng ein innebygd valuta. Utan valuta må blokkjeda lukkast og kontrollerast av eit fåtal aktørar.

Blokkjede + valuta = open blokkjede

Det er viktig å forstå kva rolle valutaen har i ei blokkjede, og kva energiinnsatsen faktisk blir brukt til. Utan ei slik forståing kan me få avgjerder som dei me har sett i det siste. Då Bitcoin vart lansert for 10 år sidan, var det ei løysing på eit problem mange forskarar hadde streva med i fleire tiår.

Bitcoin gjorde det muleg å overføra verdiar på nettet utan bruk av ein mellommann (til dømes ein bank). For å få til det, og likevel få sikre overføringar, vart energibruk i form av metoden «proof of work» ein sentral del. Den som vil lagra nye transaksjonar må visa til eit stykke arbeid i form av energiinnsats.

For å «lura» systemet må du mønstra meir enn halvparten av energibruken i nettverket, og i Bitcoin er det svært mykje. Difor er Bitcoin så sikkert som det er.

Sikrare enn banken?

Energiinnsatsen i Bitcoin gjer det til det sikraste finansielle systemet som finst, og det trass i at energibruken har gått kraftig ned den siste tida. Det kan også argumenterast for at Bitcoin er eit av dei sikraste, opne IT-systema som finst, uavhengig av sektor. Det har stor verdi fordi bruken av Bitcoin ikkje er avgrensa til valutatransaksjonar.

Valutaen blir brukt til å lønna dei som deltek i sikringa av nettverket. Utan eit slikt insentiv ville ikkje systemet fungert, og det måtte sikrast på ein annan måte. Det finst blokkjeder utan valuta, men i slike system må ein kompromissa på desentralitet og dei blir kontrollerte av nokre få aktørar.

Deja-vu Internett

Situasjonen med kryptovaluta minner mykje om historia om Internett. På slutten av 1980-talet hadde styresmaktene valet mellom det opne Internettet, som ingen og alle kontrollerte, og eit system som teleselskapa kontrollerte. Dei valde det siste. Men me veit alle kva som hende, trass i styresmaktene sitt val.

No er historia i ferd med å gjenta seg. Regjeringa seier dei ikkje har noko i mot blokkjedeteknologien, tvert om blir den sett på som svært lovande. Dei vil berre ha bort krypto­valutaen. Dei vil altså ha bort dei opne blokkjedene og satsa på dei lukka og kontrollerte. Minner ikkje det veldig mykje om det som skjedde for 30 år sidan?

Opprinnelig publisert på forskning.no 16.02.2019

Svein Ølnes

Svein har over 20 års erfaring som prosjektleiar for ulike IT-prosjekt for Vestlandsforsking. Hovudområde for forskinga er IT-bruk i offentleg sektor, både for kommunar og statlege verksemder.

Mykje av forskinga innan e-forvaltning har dreia seg om kvalitet på digitale tenester og særleg spørsmål om kva digitale tenester eigentleg er.

I 2011 oppdaga han Bitcoin og blokk-kjedeteknologien og såg etter kvart eit stort potensial også for bruk i offentleg sektor. Samstundes er det mange uløyste problemstillingar knytte til teknologien, noko som passar bra for ein forskar. Interessa ligg i skjeringspunktet mellom teknologi, økonomi og samfunn, og Svein starta difor på eit masterstudium i digital valuta ved universitetet i Nicosia for å få meir innsikt i dette.

Back